mandag, november 01, 2004

U-flax

Det har seg slik at kvar gong eg skriv ein kjempelang, og oftast veldig bra post, så kjem eg til å slette den. Eg veit ikkje korleis dette fer til, men det er noko eg er skikkelig god til. Eg er flink til å miste ting. Og å slette ting. Som for eksempel innleveringar, lekser, og som bevist; blogge poster. Men, life must go on, så eg startar denn flotte November månaden med ein glad-post på nynorsk!

Høsten er er for fult, og det er ikkje måte på kor kaldt det er om natta. Som den eg er, vakna eg kvart over seks i dag, og fekk panikk. Dette fordi eg hadde gløymt å stille klokka til vinterstid, så den trofaste radio-klokka mi viste kvart over sju. Men eg klarte komme på at me hadde stilt klokka, før eg stod opp. Så der var ein katastrofa unnagjort.

Men folkens, ha ein fortsatt strålande dag.